
Den trygge boligen i Høyanger
14. september kl. 12:00 - 19. september kl. 14:00
Påmelding:
Høyanger kommune skal vise Den trygge boligen.
Her er informasjon fra kommunen:
Velkomen til Tryggleiksveka 2026!
Tryggleiksveka er eit resultat av det gode samarbeidet mellom frivillige lag og organisasjonar, kommunale tenester, nødetatane, Sivilforsvaret og andre samarbeidspartnarar. Saman ønskjer vi å skape engasjement for tryggleik, førebygging og folkehelse – og vise kor mykje vi kan få til når vi løftar i lag. Dette samspelet er òg noko Høyanger kommune har fått nasjonal merksemd for gjennom SKAFOR sitt arbeid med Trygge lokalsamfunn.
Vi håpar mange tek turen innom arrangementa gjennom veka. Alle aktivitetane er gratis, og vi ønskjer både små og store velkomne!
- Tysdag 15. sept. og ut veka: Utstilling i festsalen i Høyanger samfunnshus. Konkrete råd til korleis ein kan gjere heimen tryggare.
- Onsdag 16. sept. kl. 13–15.30: Bemanna stand i festsalen. Har du spørsmål til utstillinga «Den trygge boligen»? Vi svarar deg!
- Torsdag 17. sept. kl. 10.30–12.00: Open «sterk og stødig» time med frivillige frå Frisklivssentralen Høyanger + miniforedrag om eigenberedskap i heimen og pilotprosjektet «Frivillige i helse». Kaffi og vaflar. Gratis og ope for alle.
- Laurdag 19. sept. kl. 11–14: Torgdag med brann, ambulanse, kommunen og eit utval frivillige. Prøv promillebriller (16 år og oppover), tråkl deg gjennom ei aktivitetsløype, og sjå korleis alkohol påverkar mellom anna reaksjon, koordinasjon og syn. Kafé og rebusløp for barn.
